Om oss
Me tek hyttedraumen din på alvor
Lang fartstid, god erfaring og brei kunnskap innan byggjebransjen
Suldal Hyttebygg vart etablert i 2003 med hovudkontor på Sand i Suldal, Ryfylke. Me driv med bygging av hytter, samt ombygging, påbygg og renovering av både hytter og hus. Suldal Hyttebygg har lang fartstid, mange års erfaring og brei kunnskap innan byggjebransjen.
Me har sidan 2004 vore stolt leverandør av Hedda Hytter. Me tilbyr modellane Hedda og Hedvig, som begge er solide kvalitetshytter med røter i norsk byggjeskikk og tradisjon. Sjølv om hyttemodellane er klassiske og forankra i norsk tradisjon, passar dei likevel inn i eit moderne hytteliv for familiar i heile landet. Hyttene kjem som ferdige byggesett frå produksjonshallen vår, men både Hedvig- og Hedda-modellen er likevel så fleksibel at det sjeldan vert bygd to heilt like hytter.


Me veit at hyttedraumen er ei stor investering
For oss i Suldal Hyttebygg er relasjonen me har til kundane våre ekstremt viktig. Me veit at det å byggje hytte er ei stor investering, og me tek alltid hyttedraumen til kundane våre på alvor. Me er tett på kunden, gir god oppfølging og er aldri meir enn ein telefonsamtale unna. Me er opptekne av å halde ord, både når det kjem til prisar og tidsfristar. Me tek aldri snarvegar, og er ærlege og jordnære. Me er ein trygg partner for kundane våre, og me jobbar alltid for ein så ryddig byggjeprosess som mogleg. Me gjer rett og slett ting skikkeleg, og det er me stolte av! Ta kontakt med oss for en hyggeleg og uforpliktande prat om ditt byggjeprosjekt.
Vår visjon og kjerneverdiar
Suldal Hyttebygg har forankra tre kjerneverdiar som går igjen i alle ledd i verksemda vår, og det er at me er opne, lojale og ærlege. Dette gjeld særleg i relasjon med kundane våre, men og internt mellom tilsette og i samarbeid med alle leverandørane våre. Vår visjon er at me ynskjer å vere med å utvikle næringslivet lokalt i Suldal og bidra til verdiskaping i bygda vår. Som eit resultat av vårt arbeid med å leve opp til vår visjon og våre verdiar vart me kåra til Årets Suldalsbedrift i 2017. Dette er noko me er særs stolte av. I grunngjevinga for kåringa vart blant anna vårt miljøansvar framheva. Vårt fokus på miljø har auka dei siste åra, og i 2020 vart Suldal Hyttebygg miljøfyrtårnsertifisert. Når me byggjer hytter er me alltid opptekne av at desse sklir inn i miljøet dei vert bygde i, slik at hyttene nesten vert usynlege. På denne måten er me med på å ta vare på miljøet og naturen vår i Norge.


Me tek ansvar
Me i Suldal Hyttebygg er opptekne av å våge å ta ansvar. I ein byggjeprosess er me prosjektleiarar og tek ansvar for plan og utføring. Me held tidsfristar og har god dialog med kundane våre gjennom heile byggjeprosessen. Me er opptekne av å ta ansvar for både andre sin og eigen sikkerheit, og me har mot til å gripe inn der det trengs.
Me har dyktige tilsette som tek ansvar ved å ha den rette kompetansen og som alltid har helse, miljø og sikkerheit i fokus. Me har som verksemd eit ansvar overfor samfunnet når det kjem til lovverk og miljø. Her er me alltid oppdaterte og følgjer dei lovar og reglar som til ei kvar tid er gjeldande innan byggjebransjen.
Lokale tømrarar og lærlingplassar
Behovet for dyktige tømrarar er stort i vår bransje, og me har fokus på å tilby lærlingplassar innanfor tømrarfaget til lokal ungdom. Me er alltid på utkikk etter lærevillig ungdom som ynskjer seg ei karriere innanfor byggfag. Me har vore med på eit prosjekt kalla Læring i næring der lokal ungdom får kjennskap til arbeidslivet og ikkje minst byggfaget gjennom arbeid hos
oss utanom skuletid.
Er du på jakt etter lærlingplass i byggjebransjen og kunne tenkt deg ein prat med oss? Ikkje nøl med å ta kontakt.





